Hei! Sommaren er på hell og skulestart står for døra. Vi gler oss til ein haust stappa full av gode kulturopplevingar, med stand-up, konsertar, spennande foredrag, teater og mykje meir.
Vi oppdaterer programmet fortløpande, i dag har vi for eksempel lagt ut billettar til The Nordic Floyd Show, så følg gjerne med på nettsida vår. Der kan du oppdage nye arrangement og sikre deg billettar før dei beste plassane forsvinn.
Vi har sett opp datoar for Familielaurdag 12. september og 31. oktober. Meir informasjon om dei kjem og på nettsida vår www.fordehuset.no
Neste veke kjem vårt fysiske program ut, så stikk du innom Førdehuset må du hugse å plukke det med deg. Der er det informasjon om fleire arrangement som skjer i Førdehuset frå Sunnfjord Kunstlag, Senior universitetet, Sunnfjord kulturskule m.fl.
Les om våre arrangement her: |
|
|
|
|
Folk Flest Storsalen, søndag 20. sept kl. 19.00
Etter suksessen i fjor kjem lustrabandet med Einar Bolstad i spissen, tilbake til Førdehuset. Med seg i «bagasjen» har dei mange nye songar sidan i fjor, og kan som alltid love høg gåsehudfaktor, allsang og rockefot. |
|
|
|
|
Riksteatret: Ubesvart anrop Storsalen, onsdag 30. sept kl. 13.30
Til ungdommen Ein knapp månad etter terrorangrepa 22. juli skal Rebekka begynne på vidaregåande. Ho kjenner ingen av dei som døydde, og tenkjer at ho burde klare å ta kvardagen tilbake. Ho forsøker å engasjere seg i revyen, i Daniel med det krøllete håret, i festar og skule og vennar. Problemet er berre at ho tenkjer på det heile tida. «Ubesvart anrop» handlar om å leite etter meining i møte med det meiningslause. Om kor vanskeleg det kan vere å nå ut til kvarandre, og kor viktig det er når vi får det til. Stykket er også ei historie om vennskap som held, og om at det finst vegar tilbake!
Tilrådd frå 15 år. Ungdom kan oppleve framsyninga gratis gjennom billettfondet til Riksteatret.Er du lærar på 10. trinn eller i vidaregåande skule, kan du søkje om billettar her |
|
|
|
|
Gatelangsturne med Petter "Uteligger" Nyquist Storsalen, torsdag 1. okt. kl. 19.00
Petter tar utgangspunkt i over ti år tett på menneske i krevjande livssituasjonar og kva desse møta gjer med oss som menneske. Han er ein eldsjel som brenn for å gjere ein skilnad og skape eit litt varmare samfunn. Det som starta med eit tilfeldig prosjekt, der han levde på gata i Oslo i 52 dagar for å prøve å forstå menneska der, utvikla seg til å bli ein livsstil og ei drivkraft. Gjennom sterke, ærlege og underhaldande historier gir han publikum eit unikt innblikk i liva til menneske mange kanskje overser, og i kva som faktisk skjer når vi vel å møte kvarandre med openheit og respekt. |
|
|
|
|
Trond-Viggo og Else - Resten av livet Storsalen, laurdag 10. okt. kl. 19.00
Endeleg på same scene: Trond-Viggo Torgersen og Else Kåss Furuseth inviterer til ein underhaldande, musikalsk og kanskje også lærerik kveld - ingrediensane er standup, tøys, prat og song som til saman gir ein fullstappa buljongterning det truleg går an å bli klokare av.
Vi lovar ein munter kveld, ramma inn av nokre av Trond-Viggo sine mest kjende songar! |
|
|
|
|
Alice i Eventyrland: Storsalen, torsdag 15. okt. kl. 18.00
Alice i Eventyrland: Det legendariske sirkusshowet er tilbake! Gjer deg klar for eit uforgløymeleg familieeventyr – Alice i Eventyrland danse- og sirkusshow er tilbake på scena! Med eit imponerande ensemble på 30 artistar – inkludert nokre av Europas beste sirkuskunstnarar – er dette ikkje berre ei historie du ser på, men ei magisk verd du og barna dine trer inn i saman. Alice i Eventyrland er eit fargerikt, moderne sirkusshow der dans, akrobatikk og teater smeltar saman i éi spektakulær framsyning. Scena er fylt med energi, dyktigheit og augeblikk som tek pusten frå deg. . |
|
|
|
|
Riksteatret: Apestjernen Storsalen, onsdag 21. okt. kl. 18.00
Ta med barna og gjer noko gøy saman når Riksteatret gjestar Førdehuset med teaterversjonen av Frida Nilssons overraskande, morosame og gripande barnebok – ei varm forteljing om familielykke som oppstår når ein minst ventar det. Ingen familiar er like.
I hovudrolla som Jonna møter du Ina Svenningdal (fra NRKs «Linus i svingen» og «Skam») i ei leiken og fargerik framsyning med artige figurar og songar du lett kan få på hjernen. |
|
|
|
|
LINDA EIDE – SPRÅKSJOV Storsalen torsdag 22. okt. kl. 19.00
Vi kjenner ho frå tv-programmet Eides språksjov. No går Linda Eide laiv og dreg landet rundt med språklege underfundigheiter i sekken. Med seg på scenen har ho pianist Sjur Hjeltnes og seniorkonsulent (!) Halvor Folgerø, som begge sørger for musikalsk og verbal bækking. På kvar ny stad dukkar det også opp ein lokal gjest, som trioen har invitert. |
|
|
|
|
Tuva & Ronny føljger draumen Storsalen, fredag 23. okt. kl. 19.00
Mykje endrar seg etter ei brutal livskrise. Det har Tuva Fellman og Ronny Brede Aase fått kjenne på nært hald. No legg dei ut på turné med eit personleg, ærleg og inspirerande foredrag om å våge å følgje draumen etter at livet har vorte snudd på hovudet. Mange har følgt reisa deira gjennom TV-serien om hoteldraumen i Hellas. I dette foredraget fortel Tuva og Ronny om korleis livet faktisk har vore etter at kameraa vart slått av – om alt dei har lært, alt som har vore vanskeleg, og korleis draumen ser ut no, etter at verkelegheita tok over. |
|
|
|
|
Terje Sporsem og John Brungot - Høy og mørk Storsalen, fredag 30. okt. kl. 19.00
To av dei mest populære komikarane i Norge har slått seg saman med eitt mål for auget: Å gi deg eit skikkeleg artig show! Og DET trengst når verda går meir og meir av hengslene. Høy og Mørk er ei framsyning spekka med standup, musikk og parodiar, og vi kan love at latteren sit laust når John og Terje tek føre seg tema som høge, mørke maktsjuke leiarar, beredskap, generasjonskonfliktar og frykta for å plutseleg vere den eldste i familien. |
|
|
|
|
Ingebjørg Bratland Storsalen, laurdag 31. okt. kl. 19.00
Med krystallklar røyst og ei utstråling som treff midt i hjartet, har Ingebjørg Bratland med rette vorte omtala som ein nasjonalskatt Denne kvelden får publikum oppleve Bratland på sitt aller beste, med både kjende og nye songar, historieforteljing og ei formidlingsevne som fyller heile rommet. Vi lovar ein kveld du seint vil gløyme, med ein av landets aller dyktigaste formidlarar i sentrum. |
|
|
|
|
The Nordic Floyd Show Storsalen, fredag 6. nov. kl. 19.00
Noregs legendariske Pink Floyd-tribute, The Nordic Floyd Show (tidlegare Dark Side of the Wall/DSOTW Norway), har allereie oppnådd nirvana: å bli godkjend av sine eigne idol. TNFS er bandet som Roger Waters meiner er «F***ing brilliant», og som har spelt for fulle hus i over 20 år, Oppskrifta på suksessen er alltid den same: å gripe publikum i hjarterøtene og levere intens, detaljrik, musikalsk og visuell råskap med ein magisk nerve som får deg til å halde pusten! |
|
|
|
|
John Hammersmark - Det kan alltid bli verre Storsalen, onsdag 11. nov. kl. 19.00
Bli med på ei inspirerande reise inn i menneskesinnet når John Hammersmark set lys på korleis vi kan navigere gjennom livets utfordringar. I kvardagen opplever vi ofte at vi går på autopilot, styrte av instinkt, kjensler og vanar. Hammersmark stiller spørsmål ved kvifor mange av oss lèt frykt og redsle hindre potensialet vårt, sjølv i eitt av verdas tryggaste samfunn. Velkomen til eit foredrag som garantert vil setje spor! |
|
|
|
|
Dyrene i Hakkebakkeskogen Storsalen, fredag 13. nov. kl. 17.30
Dyrene i Hakkebakkeskogen – ei teateroppleving for heile familien!
Ei leiken, musikalsk og hjartevarm framsyning som inviterer heile familien inn i Thorbjørn Egners kjære univers. Med regi av Charlotte Brænna møter vi Klatremus, Mikkel Rev, Bamsefar, Bestemor Skogmus og alle dei andre kjende og kjære karakterane – akkurat slik publikum hugsar dei og elskar dei. |
|
|
|
|
The Swan Lake: Symphony of Lights Storsalen, mandag 23. nov. kl. 18.30
«The Swan Lake: Symphony of Lights» er den store og banebrytande nye oppsetjinga frå Grand Kyiv Ballet den komande sesongen.
Dette er meir enn ei førestilling – det er ei oppslukande reise inn i ei historie om kjærleik og magi, fortald gjennom lys, rørsle og musikk. Kvar akt tynest ut som ein levande kunstinstallasjon, der tidlaus tradisjon møter dristig, moderne design |
|
|
|
|
"For vår jord" med Anita Skorgan, Sara Skorgan Teigen & Karoline Krüger Storsalen, fredag 27. nov. kl. 19.00
Ein ny trio ser dagens lys! Anita Skorgan og Karoline Krüger foreinar endeleg sine sterke stemmer i ein julekonsertturné i 2026. Med seg har dei Sara Skorgan Teigen, som no er klar til å løfte fram den julemusikalske arven etter mor si. Med For vår jord som musikalsk ramme blir dette ei stemningsfull julekonsertoppleving prega av varme, humor, musikalsk generøsitet og fellesskap. Tre kunstnarskap møtest på scena – trestemt, stemningsfullt og vakkert
|
|
|
|
|
Bård Tufte Johansen - Prøver å være positiv Storsalen, laurdag 5. des. kl. 19.00
Endeleg er Bård Tufte Johansen tilbake med eit nytt standup-show!
Alt var kanskje ikkje betre før, men det var i alle fall annleis. For ting forandrar seg, både i kroppen, i forholdet og i samfunnet. Men det er inga vits i å stritte imot endring — ein kan like gjerne akseptere henne. Så Bård Tufte Johansen vel å vere positiv! Eller, han prøver å vere positiv. Hjarteleg velkomen til ein forsøksvis positiv humorkveld!
|
|
|
|
|
Ylvis & Calle - Et juleshow Storsalen, laurdag 12. des. kl. 19.00
For første gong sidan I kveld med Ylvis skal Vegard, Bård og Calle dele scena saman igjen. I november og desember legg dei ut på turné med eit juleshow for ein podkast som ikkje finst, og 12. desember kjem dei hit til oss i Førdehuset! Med seg har dei instrument, songar som har lege på vent, historier som aldri har blitt fortalde, dumme idéar og alt anna som trengst for ein heilaften du kjem til å kjenne i lattermusklane dagen derpå. Det blir musikk, det blir prat, det blir improvisasjon – og garantert nokre augeblinkar verken dei eller du såg kome. |
|
|
|
|
Eva Weel Skram - Falle til ro ein julekonsert Storsalen, tysdag 15. des. kl. 19.00
Dei siste åra har Eva Weel Skram skapt ein kjærkomen juletradisjon med sine stemningsfulle julekonsertar. Med ei varm blanding av eigne låtar og kjende julefavorittar inviterer ho publikum inn i eit musikalsk univers der både tradisjon og nyare juletonar får skinne.
|
|
|
|
|
Christmas with Nordic Tenors Storsalen, laurdag 19. des. kl. 18.00
«Christmas with Nordic Tenors» er meir enn ein julekonsert. Det er ei frydefull oppleving både for auge og øyre, ei fullt ut gjennomarbeidd estetisk framsyning med musikk og vokalprestasjonar frå øvste hylle. I over 20 år har tenortrioen reist landet rundt med ei førjulstund fylt med varme og humor, med eit variert julerepertoar bygd på høgtid og tradisjon – ei framsyning som garantert vil setje deg i den gode julestemninga. |
|
|
|
|
|
|
Gje ei oppleving i gåve! Gåvekortet kan nyttast på alt Førdehuset sel billettar til. Du bestemmer sjølv prisen. Det kan brukast når du kjøper billettar på nett, eller i resepsjonen i Førdehuset eller Rådhuset. |
|
|
|
|
|
|